August 14th- September 12th, 2015

Øystein Klakegg

Entrée # 55

Visningsrommet USF








… du er på jorda, det finst ingen kur for det! *

i
Å SØKE MØNSTER, Å FINNE det som bind saman, det som skil. Mønsterets oppgåve er samle saman og gi meining til kva vi ser. Øystein Klakegg sine bilde byggjer ein heilskap, ein kropp, eit landskap. Det skjer kanskje intuitivt og bare ved å sjå fleire bilde over lang tid, kan ein ta til å sjå den store forma. Det endelige mønsteret er gjerne noko ein blir medviten om først etter at lyset blir slått av i galleriet og alle er gått heim. Men landskap og stader treng å bli fortalde om, viste fram, oppdaga.

ii
I EIN SONG FRÅ åttitalet syng Van Morrison om at han har leita etter ein spesiell person. Han har vore over heile verda, han har gått gatelangs, han har kjørt opp og ned vegar, han har gjort sine erfaringar. Heile tida har han leita etter eit menneske som skal gi alt meining, få lyset til å skine gjennom.
På same vis som vi leitar etter menneske, ein kjæraste, ein venn, eit fellesskap, leitar vi etter landskap, etter stader. Vi søker etter våre stader på jorda, under himmelen. Vi leitar etter ein flekk på jorda som kjem til syne for oss. Staden er avhengig av mennesket, av korleis mennesket lever. Ei jord utan menneske ville ha vore ei jord utan stader. Det ville ha vore landformasjonar, vegetasjon, luft, himmel. Ingen stader.

iii
ØYSTEIN KLAKEGG oppsøker stader som badestranda, naturstien, ferjekaia, fotballbanen, cruisehamna. Stader som vi har tatt for gitt og som vi for lengst har glømt å sjå. Han viser oss at alt må oppdagast på ny og på ny. Ikkje minst må vi gjenoppdage stadane som er våre eigne, dei som ligg tett på oss. Fordi dei i si familiære form er fråtatt all mystikk, all eksotisme, alt drama.
Bilda hans har ein gåtefull kvalitet. Det er ikkje fotografen som fortel ei historie, det er han som har lytta seg fram til ei historie. Det verkar som om han har gått dit historia er, eller som om historia har komme til han mens han venta.

iv
DESSE FOTOGRAFIA liknar dei som blir tatt på ein åstad, bare at brotsverket her endå ikkje har skjedd. Sannsynligvis kjem det heller ikkje til å skje. Fotografen er ein anonym etterforskar som leitar i utkanten, før noko som helst overskridande har skjedd. Her finst ikkje eit forløp av hendingar som skal identifiserast. Bilda uttrykker ein type ro, det finst ei enkeltheit som er kraftfull i seg sjølv. Desse bilda er, dei skal ikkje.

v
SLIK STÅR DESSE BILDA som motsats til dei som reklamefotografen Klakegg tar. Dei gongane han fotograferer på oppdrag, dramatiserer og estetiserer han. Han stylar og set i scene. Brann-spelarane blir machomenn som er langt tøffare enn det (dessverre) viser seg at dei er ute på det grøne graset. Dei kvinnelige modellane blir til menneskelige kleshengarar for firma med logoar og botnlinje. I eit reklamefoto vil det før eller seinare bli presentert ein prislapp nedst. Bildet skal få sjåaren til å handle på eit bestemt vis.
Desse bilda er frigjort frå ein slik intensjon. Dei er unyttige, dei er bare det dei er. Her er det bildet som har søkt fotografen. Han kan ikkje styre situasjonen gjennom lys, sminke og val av modellar. Han må bare vente på bildet til bildet kjem. Og om han mislykkast første gong, må han vente på ny. Slike bilde vekker tilskodarens vilje til å vere i augneblinken, vere i bilda, slik fotografen var då han tok dei.

vii
MENNESKET BLEI MENNESKE, og med si evne til refleksjon såg mennesket på seg sjølv som noko større og heilt anna enn den øvrige naturen. Mennesket tok sin skjebne i eigne hender, og sette seg opp mot den trua som ikkje var styrt av fornuft. Men Øystein Klakegg avbildar mennesket som atomiserte, dei er for seg sjølv ute i naturen, uviktige, ubetydelige, bittesmå.
Det finst likevel eit fellesskap her. Folk går ut på isen saman, dei spelar fotball saman, dei badar saman, dei legg ut på cruise saman. Verda blir synlig gjennom eit kollektiv, der dei indviduelle forteljingane kun kan tolkast og kodast om ein går inn i bildet og blir der. Mennesket er ikkje viktig i seg sjølv, men som del av ein heilskap. Vi er alle del av noko større.

viii
SELFIEKULTUREN GJORDE staden til kulisse for våre ego. Staden fikk bare meining som eksotisk bakgrunn for vår evne til å manøvrere i verda. Dei rike kunne røre seg fritt og avbilde seg sjølv overalt mens dei fattige måtte bli verande i si eiga misere og eventuelt vente på ein dokumentarfotograf med eit humanistisk blikk.
Hos Klakegg er mennesket underordna staden. Dette er meir generøse og aksepterande bilde. Dei krever ikkje noko av staden. Dei byr sjåaren si enkelheit. Du treng ikkje lese noko inn i det som ikkje finst. Men om du vil, kan du dikte vidare. Om dei som fanst der, dei som bada der, dei som kyssa der, dei som grein der, dei som lo der, dei som drømte der.

ix
MENNESKET DRØMMER stadig om det uskuldige, det som vi endå ikkje har sett våre spor på. Vi tenker at det einaste verkelig vakre landskapet er det som er urørt av menneskehender. På sett og vis har utviklinga gitt oss rett, korleis vi menneske turer fram har skapt eit større behov for det reine.
Vi er i ferd med å øydelegge for oss sjølve på denne kloden. Skal vi overleve må vi lære oss å dele verda, ikkje naturen, men med andre folk. Derfor er det nødvendig at vi ser på våre eigne stader med dette generøse blikket som Øystein Klakegg har. Bilda hans har humor, liv, varme, overskot, glede. Bilda hans viser at det som først kan verke uviktig eller lite betydningsfullt, har ei enorm kraft i seg.

x
DET STØRSTE EIT MENNESKE i dag kan gjøre, er å sjå verda på ny og fortelje på ein direkte måte kva ein såg. Fotografiet er den sterkaste formen for å sjå. Øystein Klakegg har sett og gitt oss sjansen til å sjå på ny.

- Frode Grytten

* Det var det Samuel Beckett som sa, resten sa eg.












Øystein Klakegg, NOx (2012), 2015. Inkjet print, 110 cm x 147 cm








Øystein Klakegg, Kvite frottésokkar (1994), 2015. Inkjet print, 110 cm x 136 cm








Øystein Klakegg, Nokon eg kjenner har vore på cruise (2014), 2015.












Øystein Klakegg, Medan vi ventar på ferja I (2007), 2015.




Øystein Klakegg, Medan vi ventar på ferja II (2007), 2015.