Film screening
starts Thu—Sun
at 5, 6 and 7pm

Copyright 2007-2017
Built with Indexhibit

August 24th- October 7th, 2018

Ragnhild Aamås

Flyt

Kunstmuseum KUBE (Ålesund)

part of Vestlandsutstillingen 2018

Curated by Randi Grov Berger




Installation view, Flyt by Ragnhild Aamås. Kunstmuseet KUBE.
All photos by Maya Økland/Vestlandsutstillingen.



Press Release

In her solo exhibition for Kunstmuseet KUBE Ragnhild Aamås’ presents a new body of work, in which she has methodically dealt with the visual imagery that relates to the aftermaths of disruption, hometown quests and belonging between continents separated by sea. Combining text, photography, found objects and appropriation, her work re-purposes familiar elements from public and private spheres, presented in the exhibition as collages and sculptures.

Ragnhild Aamås (b.1984, Volda) lives and works in Oslo. She is educated at Central Saint Martin's College of Art and Design in London, the National Academy of Fine Art in Oslo, and she also holds a degree in Archeology from the University of Oslo, with an in-depth study in Philosophy. Aamås runs the exhibition space Podium (established in 2003) in Oslo, together with artists Ignas Krunglevicius and Ayatgali Tuleubek. In September, she is performing at MAD Art Book Fair in Paris, as part of PUB’s (Torpedo Press and Eller med a) participation there.

The exhibition is curated by Randi Grov Berger and is included in the special edition of Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), the annual traditional regional exhibition. VU18 consists of six solo exhibitions, and includes the institutions Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, in cooperation with Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri in collaboration with Haugesund Kunstforening, Kunstmuseet KUBE, Entrée and Kunsthall Stavanger. VU18 presents the artists Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog and the artist-duo Blomgren & Skuladottir.



Press

24.08.2018
Sunnmørsposten
Oppbrudd og tilhørighet i Vestlandsutstillingen
Av Karin Rykkje







Eit større regn
Av Kaisa Aglen


Ålesund for oss fråflytta vestlendingar. Ei stund meir minne enn stad. Byen ulik bygda. Butikkane og menneska. So mykje hus. So lite grønt. So får eg melding frå Ragnhild som har vore og sett på utstillingslokalet. Det regnar sjølvsagd framleis. Ikkje minnet av regn, men regn. Ho seier ein plan tek til å forme seg. Skjerf, røyr, digitaltrykk, kanskje ein opphøga plattform midt i rommet, som ein flåte, eller ei scene. Ho håper å finne eit maleri eller fotografi av interesse i arkiva i Ålesund. Frå migrasjonstida kanhende. På 1800-talet var der mange utflyttarar til Kanada, USA og Sør-Amerika.

Eit større minne. Dei som reiste før oss. Regnet før fødselen. Brannen. Havet som reiseveg. Frå kva. For kven. Til kva tid. Kva historier og bilete står att. Korleis fortid, samtid og framtid vert framstilt. Eller meir brutalt: kva bilete og ord vert dytta ned i hovuda våre, av skulebøker, politikarspråk, reklamesnuttar og lokale festtalar. Og kva motspråk finst. Som born flykta vi til skogen. Trea og regnet. Det finst berre éi røynd. Og likevel. Forenklingar og kompleksitet. Fragment. Ting. Skapte og funne. Plasserte i eit kvitt rom. Tinga si tale. Tinga si stille. [1]

Kvar vender ein seg som kunstnar når ein ikkje arbeidar sjølvbiografisk. Ragnhild er stadig på reisefot. Eg får e-postar og tekstmeldingar på veg til eller frå Tyskland, USA, Argentina, Kina, Sunnmøre. Ho har studert emne innafor kunst, arkeologi og filosofi, og les framleis mykje, med ein sjeldan glupsk appetitt. Som om kunstnarverksemda fordrar at ho sankar stadig fleire bitar røynd. Ei slags altomfattande verdsleiting. Bilete og ord frå alle stadar, alle tider. Eit større språk.

Vi har ikkje noko godt norsk ord for spoken word. Språkhending? Ordframføring? Ragnhild gjer uansett si eiga greie. På lydopptaka er stemma syngande og glir friksjonsfritt mellom fleire språk. Det er noko i stemma som samsvarar med dei andre verka hennar. Noko både attkjennbart og framandt? Noko vilt og opprørsk og samstundes strengt formmessig? Noko som alltid snakkar med fleire stemmer? Noko springande og samstundes meiningsmetta? Eg har sett for lite av det ho gjer. Vi bur i kvar vår by. Fråflyttarar som berre glimtvis sjåast. Og likevel. Kunsten og verda. Det brenn. Under auga brannen.

Vi samtalar om kva bøker vi har lest. Menneska på mars i framtida. Vil dei klare å bygge ei betre verd? Samtida er gal. Gjer det kunsten meir politisk? Er ikkje alle menneskeytringar politiske?, svarar Ragnhild. Både ja og nei, seier eg. Kunst er ikkje debattinnlegg. Og likevel. Det finst berre éi røynd. Vi vaks opp saman i ei tid då ein snakka om utvikling som om verda med naudsyn ville verte betre og betre. Og no? Det er vanskeleg å sjå på havet. Den nye verda og den gamle. Bak regnet veks stormen seg framleis større. [2]



EKKOET

Draumen: å rope til fjellet og få noko anna enn ekko til svar. At fjellet sjølv svarar, med eit heilt reint fjellspråk. Eller verdsspråk. Ufiltrert og uforma av menneskesinn. Ingen løgnaktige konstruksjonar. Berre verda som talar med verda. Draumen: at vi når fram. Fjella og menneska og båtane. Dei store strekningane og havet. Nokon eller noko ropar. Nokon eller noko svarar.

Og ekkoet slik som ein knust lovnad. Som born trudde vi fjellmassene kalla. Seinare høyrer vi berre vår eiga stemme, om enn vrengd og omkasta, orda ikkje attkjennbare. Og kulda i dette. Auda. Ei slik beingripande einsemd. Fjellet står der slik fjell står. Og fjellet i seg sjølv er taust. Vi når ikkje fram. Eller: vi snakkar ikkje same språk. Eg seier fjell og fjellet er noko anna.

Trongen: å likevel kunne ta fjellet til seg, og å likevel kunne snakke, utveksle, nå fram. Kunsten, samtalen og verda. Uendelege avstandar og ingen avstandar i det heile. Det er jo her. Vi kan strekke ut handa og ta på. Vi kan stå storauga og undrande og sjå. Om det gjer oss mindre einsame. Om det gjer oss noko opnare. Dei store spørsmåla og det heilt nære. Havet og naustet og tida. Menneska og stadane.

Reisa. Sommaren og barndomsheimane. Vi går i hagen og plukkar bringebær medan vi snakkar. Ei langsam rusling, langsam plukking, bæra rett i munnen. Samtalen hoppar att og fram. Materialval og ulike arbeidsteknikkar. Kva som styrer ein prosess. Ragnhild fortel at ho kallar arbeidsmetoda si ekko. Ordet har attklang frå dei mange mytene om Ekko, som ei fjellnymfe, ei kvinne. Ikkje berre fjellmasser som blindt reflekterer, men ein skapnad med tankar, kjensler, vilje og attrå. Eg lurer på om Ekko-karakteren oppstod ikkje berre for å forklare eit underleg lydfenomen, men ogso utifrå trongen til respons. Nokon lyttar, nokon svarar. Eg er høyrt. Eg finst.

Meir spesifikt har ekko-metoda hjå Ragnhild attklang frå den kritiske teoretikaren Gayatri Spivak [3], og hennar lesing av Ovid si tekst om Ekko og Narcissus. Eit tenkande menneske (Ragnhild) som responderar på eit tenkande menneske (Spivak) som responderar på eit tenkande menneske (Ovid) som igjen responderar på ei allereie eksisterande myte skapt av andre tenkande mennesker. Ekko på ekko på ekko, gjennom hundrevis av år og over store geografiske distansar. Og korleis nesten alt vi tenker og gjer inngår i slike mangeledda kjeder, eller vidstrakte transaksjonsnettverk.

I lesinga av fortellinga om Ekko og Narcissus, er det ofte Narcissus som får hovudfokus, og Ekko vert ein bikarakter i bakgrunnen. Ho får sin relevans gjennom Narcissus si historie: mannen som utan å vite det vert forelska i sitt eige spegelbilete. Grunna ei forbanning kan Ekko berre repetere dei siste orda andre seier. Det er lett å tenke på ho som ei forlenging av speglinga, som eit lydleg spegelbilete av Narcissus. Men dette er ikkje den einaste måten å sjå Ekko. I motsetnad til dei fleste andre tenkarar legg Spivak hovudfokuset på Ekko-karakteren og utforskar det store rommet som finst rundt og i det Ekko seier, i svaret.

Trass i at Ekko berre kan repetere det andre seier oppstår det ein dialog mellom henne og Narcissus. Ho brukar det einaste verktøyet ho har: ho kan velje kor mange av dei siste orda ho skal gjenta. Fordi lesaren får kjennskap til Ekko sine tankar og kjensler, kan vi sjå intensjonen i utvalet ho gjer. Når Narcissus spør «Er det nokon her?», svarar ho «her» fordi ho vil at han skal finne ho, at dei skal møtast. Og når han seinare avviser henne, og seier «Aldri om eg legg meg under deg», svarar ho med det som vert den direkte motsatsen: «Eg legg meg under deg». [4] Vi kan høyre desperasjonen og sorga i dette utvalet. Vi høyrer det som at ho seier noko, ikkje som at ho blindt repeterer.

Vi kan seie at Ekko plukkar opp «noko» og gjer det til «noko-anna». Dei same orda får ny meining ikkje berre fordi ho gjer eit utval, men også fordi dei vert repeterte, uttalte frå ein ståstad som har endra tid og stad, om enn berre nokre sekund etter og nokre meter lenger unna. [5]

Når Ragnhild framfører tekst som har i seg andre sine ord, er det ein liknande repetisjon? Noko som vert noko anna? Eller noko meir? Kan vi tenke på biletcollagen som eit ekko? Eller heller som resultat av ein «ekko-prosess»? Naustet då og naustet no. Fotografi, maleri og førestillingsevna. Ser vi det same naustet som dei såg. I kva grad har vi tilgang til fortida. Kan vi eigentleg lytte til andre tider. Kan vi eigentleg lytte til vår eiga tid. Djup kallar på djup. Å sanke eller ta imot. Dette er. Og samstundes alltid noko anna.

Staden både velkjend og framand. Der stod drivhuset. Hugsar du at vi bygde heile verder her. Graset under morellbærtreet er kjølig mot føtene. Fuglar lettar frå greinene. Vi strekker oss etter dei mørkaste bæra. Ragnhild seier ho er interessert i omgrepsparet aktiv/passiv, og korleis det nærast er umogleg å omtale det passive med positivt forteikn. Det responderande eller reaktive vert lett nedvurdert, sett på som mindreverdig samanlikna med det «sjølvskapte» eller «sjølvhandlande». I den grad noko slikt finst.

Trongen til å verte høyrt. Men kanskje like viktig: trongen til å svare, respondere, vere i ei breiare utveksling, med verda, og med menneska. Kunsten som ei form for talehandling. Eg samtalar med verda, eg samtalar med deg: vi finst.


Eit vi som finst i samanhengane som er akkurat utanfor rekkevidde. Det vi nesten grip, nesten forstår. Fjellet og havet og båtane, som løynde rop i store rom, år etter år etter år.



ROM

Dagen etter er varmen so sterk at vi nær dovnar vekk i skuggen. Sjølv fuglane verkar døsige. Ragnhild har vore oppe tidleg og gått i fjøra. Ho viser bilete av steinar, plankar og gamle ting, attgløymde av fjorden eller menneska. Ein oransjerusten krok. Ein planke tvers igjennom ein støypt klump. Eit naust som sovidt står på beina.

Kystkultur og gamle maleri som berre avbildar innlandet. Alle desse romma med same stille melankoli. Kahende fråflytta foreldre, som sit krokbøygde i heimane sine. Svarte stakkar og handarbeid i vindaugslyset. Kvifor visse motiv går att medan andre motiv er nesten eller totalt fråverande. Om det er det same landskapet vi ser. Eller det same havet. Før undervasskamera, plastkontinent og katastrofal global oppvarming. Vatn er vatn. Og likevel. Sanninga kan vere så flyktig, uhandgripeleg, i flyt.

Kvar gong vi snakkast har arbeidet til Ragnhild endra seg. Små forskyvingar, eit nytt ledd, eller noko tilsynelatande heilt nytt. Det er vanskeleg å få tak på frå utsida, medan alt er i endring. Og det er freistande å spørje kva vil du med dette, og sjå for seg at kunstnaren har ein klar idè som ho deretter har utført med presisjon. Freistande å tru at «kva utstillinga eigentleg seier» kan oppsummerast i éi setning. Norma om det presise og klåre. Fortel meg kva eg ser. Men slik er det jo sjeldan. Kanhende aldri. Det er freistande å seie heldigvis.

Ragnhild fortel at ho arbeidar skulpturelt. På den måten at materialet, det funne godset, hopast opp og bytast ut. Meininga kjem fram i den endelege vekkredigeringa. Det gode i det uklåre. Gleda i det grumsete. Om ein byrjar frå noko ferdiguttenkt kan ein like godt la vere?

Utgangspunktet kan vere: Tidlegare arbeidsprosessar, material, teknikkar, ei påbyrja utforsking, noko som klør. Utgangspunktet kan vere: Staden der utstillinga skal vere og sjølve utstillingslokalet. Utgangspunktet kan vere: Ein vag idé om eit tema eller ein lausleg formulert problematikk. Å byrje frå eit punkt og la prosessen ta seg derifrå og vidare til kvar enn eller kva enn. Vekk frå opphavstanken, geni-myta og norma om det aktive. Utgangspunktet har i seg dette flyktige, ei flyktig trong: Flyg frå meg.

Kvar gong vi forsøker kretse inn det pågåande arbeidet snakkar vi oss vekk i heilt andre retningar. Ein kan kanhende ikkje sjå sin eigen prosess og vere i han samstundes. Gleda i å berre gjere, å få arbeide i eit fritt rom, styrt av noko ikkje-tenkt og ikkje-planlagd. Å sleppe kontroll-trollet. Du kan ikkje sjå kva du gjer samstundes som du gjer det. Eller du kan berre delvis sjå. Det skapande blikket, den skapande kroppen, noko som skyv unna det analytiske, tvilande og teoretiserande?

Mot slutten av mai får eg sjå ein modell Ragnhild har laga av utstillingslokalet, i 1:20 format. Det gjer samtalen enklare. Vi kan peike. Eg veit sånn nokolunde kva rom ho arbeidar innanfor. Der er veggane, slik er forma. Ei fryd: ho kan fylle dette rommet med kvasomhelst. Seinare får eg sjå modellen med små objekt i. Ho seier truleg dette her, kanhende dette festa her. Verka har byrja ta form. Eller ta rom.

Den fysiske funderinga. Eller utforskinga. Gjennom blyantskisser, modellar eller sjølve materiala. Om treoverflata liknar hud. Om materialet er bøyeleg. I slike eller slike former. Om forma egnar seg best til å henge frå taket eller ligge på golvet. Sett saman med dei andre verka. Og i seg sjølv. Ledd etter ledd etter ledd. Å sjå på tinga og be dei om å vise oss noko nytt? Plukke ut og sette saman. Legge til, plukke ut og sette saman på nytt. Til noko anna viser seg?

Assosiasjonen som arbeidsven, hjelpar eller samarbeidspartnar. Eller kva er eigentleg ein assosiasjon. I kor stor grad er det vi tenker på som tilfeldige innfall styrt av kunnskap og erfaringar. Eller samtalar ein har hatt. Den offentlege diskursen. Landskapet ein vaks opp i. Fjella og reisene. Noko snik seg inn bakvegen, når kunstnaren har fokuset retta ein annan stad? Noko trenger seg på, er ikkje til å kome utanom?

Ragnhild seier ho må kunne stole på intuisjonane. Ho vil ikkje teoretisere og låse prosessen for tidleg. Tilfellet opnar rom som uttenkinga ikkje kan. Rom som deretter kan tenkast i, som kan utvidast. Ho brukar det vilkårlege, frisleppet. Å sjå kva det tilfører. Deretter slettinga, utvalet, tilspissinga. Nokre prosessar kan gå over år. Tidlegare arbeid kan finne nye former. Tida og endringa. Det gamle og det nye. Vi drikk kaffi. Buskene raslar av fuglar og vind. Trea med. Alt grønt brått i rørsle.

Der har vore ein del natur i verka til Ragnhild. Både som motiv og som fysiske ting henta inn. Blomar, greiner, steinar. Er ogso verd. Men der har òg vore ein del material som gir meir kommersielle assosiasjonar. Digitaltrykk på flater som vanlegvis er dekte av firmalogoar eller produktreklamer. Desse visuelle uttrykka vi vert bombarderte av utan å tenke over det. Vana gjer blikket sløvare. Jernia-dørmatta berre er der slik Jernia-dørmatter gjerne er. Ei slik respektabel og venleg men samstundes myndig dørmatte. Seier du kan stole på meg, du kan handle trygt her. Logoane som repetisjonar av løynde teikn.

Collagen røskar kanhende i vana berre i kraft av å vere sett saman av ulike element og ulike teknikkar. Fotografi, handteikningar, penselstrøk og bilderedigeringsprogram. Kva dei ulike verktøya og materiala kan gjere. Samle, putte saman, redigere til eitt bilete. Deretter bestille trykk. Frå ein produsent som vanlegvis trykker heilt andre ting. Som kvensomhelst kan bestille trykk frå. Nokon som finst i nærleiken. Korleis slike meir eller mindre sjølvvalde avgrensingar gir visse uttrykk og utelukkar andre uttrykk.

Ragnhild seier ho helst nyttar kvardagsteknologi som verktøy for å lage kunst. Og at ho helst vil gjere bruk av det allment lett tilgjengelege generelt. Det er ikkje eit poeng å gjere kunsten meir enn naudsynt teknologisk framand eller visuelt «briefete». Mogleg gir det større gjennomsiktigheit. Eller attkjenning: å opne auga for andre måtar å nytte dei tinga ein omgir seg med til dagleg.

Vi sit med kvar vår pc. Ragnhild har ogso ei notatblokk full av blyantskriblerier. I tillegg til å gjere skisser, modellar, digitale biletmapper og bruk av funne gjenstandar, gjer Ragnhild også tekstnotatar som ein del av arbeidsprosessen. Noko for hand og noko på skjerm. Idéar, refleksjonar undervegs og meir eller mindre ville tankesprang. Noko av det vert kanhende med til utstillinga, i omarbeida form. Det kan vere korte tekstsnuttar som er trykte aleine eller inngår i digitalcollagen. Eller lengre tekstmasser framførte med større eller mindre grad av improvisasjon. Stemma som berar av nærvere. Eller stemma gjennom teknologi som bryt sambandet mellom kropp og lyd.

Ragnhild fortel at ho femnar om brotet mellom skapar og arbeid. Ho føretrekk media som tek opptak av ein prosess. Det pregbare, inskripsjonsflatene, det som berer vidare uavhengig av sendaren. Men samstundes er ho interessert i kunst som røpar av sinnet. Å få tilgang til andre sine verder. Samtalen kretsar stadig attende til dette. Kan vi nå fram? Gjer det noko frå eller til? Kor lang tid vil det ta? Kjensla av at det hastar meir enn før. Og samstundes desse lange prosessane. Å stole på dei. Skapargleda, trongen og tvilen. Igjen og igjen og igjen.


So reiser Ragnhild med nattbussen attende til Oslo. Sluttinnspurt og timar i eit i overkant sommarvarmt atelier. Eg veit ikkje om tinga ho fann i Morkafjøra vert med heile vegen til den ferdige utstillinga. Eller dei andre tinga vi har snakka om for den del. Noko vert med, noko fell frå. Den siste delen av prosessen skjer i sjølve utstillingslokalet. Tinga og rommet. Den kvite kuba og sjøen utanfor. Båtane og tidene. Gardstunet då og gardstunet no. Det bles.

Den klamme varmen slår endeleg sprekker. Vinden aukar. Det tordnar. Hardt og nære. Deretter regnar det igjen. Eit skikkeleg pøsregn. Ei langsam venting. Noko må nå fram. So ulike verder. So ulike sinn. Og likevel. Vi kjenner regnet. Kjenner endringa. Og hav.



Merknadar og kjelder

1. «Tinga si tale. Tinga si stille» er ei omskriving av Dag T. Andersson sin boktittel Tingenes taushet. Tingenes tale, Solum Forlag, 2001

2. Tekstbolken Eit større regn lener seg på diktet «Jag hör andra tiders regn» av Antonio Gamoneda, gjendikta av Ulf Eriksson og Magnus William-Olsson, frå Förlustarna glöder, Bokförlaget Tranan, 2007

3. Det er vanskeleg å gi Gayatri Spivak korrekt akademisk tittel eller omtale. Ho har bakgrunn i litteraturstudier, men arbeidar og vert brukt i fleire andre fagområder. Ho vert mellom anna omtala som «a practical Marxist-feminist-deconstructionist.»

4. Fordi setningane til Narcissus må kunne repiterast av Ekko utan gramatikalske endringar, har dei fått temmeleg ulike ordlydar i dei ulike språka teksta er gjendikta til. Det siterte utdraget er mi noko letthendte og forenkla omsetjing til nynorsk. I dansk versjon av Otto Steen Due lyder det «For hellere lider jeg døden end jeg er din!» og «Jeg er din!». Dette går ikkje på nynorsk grunna skilnaden din/di. I engelsk versjon av A. D. Melville lyder det « I’ll die before I yield to you!» og «I yield to you!».

5. Sjå Jane Hiddleston Spivak's ‘Echo’: theorizing otherness and the space of response, Textual Practice, 21:4, 2007

---

Kaisa Aglen er lyrikar og født i 1985 i Volda. No bur ho i Trondheim der ho har studert filosofi. Ho debuterte med Kvar i kroppen sit ingenting (2012) og har sidan gitt ut Mellom krig (2016), begge på Samlaget.





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (ETA)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
150x300 cm
Materials: Blackberry 10 Q5 720px photo (pond, Ulriken); Blackberry 10 Q5 720px photo (communication tower, Ulriken); Blackberry 10 Q5 720px photo (hanging, Oslo); Blackberry 10 Q5 720px photo (lock, Kongssvinger); iphone SE photo 3024x4032px (Naturens kraft, catalogue KODE); found emoticon shell; found emoticon water drop; found photography snake; found photography “Claudia Mitchell first women with bionic arm” [2006] Getty images; found photography “cave at Sjong ca 1900”, unknown photographer, national archives, collection of the port agency; vector-graphics; vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]. + Neoprene-rug 36x25 cm “splash inverted” (2018) and metal transition strips (grey aluminium).







Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (antidote)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
85x120 cm
Materials: 35mm colour film Olympus MJU-II digital scan with dust (Mork); vector-graphics; vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; found photography bronze sculpture arm (ca 100 BP) from shipwreck by the coast of Andikythira; found photography wood cut illustration from Hortus Sanitatis (preparation of antidote (Theriac)) [1491] Meydenbach, metal transition strip (grey aluminium).




Essay written for the exhibition by Kaisa Aglen (above), and Mary Wollstonecraft’s Letters Written During a Short Residency in Sweden, Norway and Denmark (1796).







Ragnhild Aamås
Timepiece (v2)
Sculpture
Materials: round mirror w/ holes (cut by master O. Blegen); aluminium cylinder; white synthetic rope; tent rope (bardun); reflexive rope; red aluminium lock; padding; rubber nemesis; oasis; eucalyptus; green leafs of the season; thistle; screw-forcer.




Installation view, Flyt by Ragnhild Aamås. Kunstmuseet KUBE.



Ragnhild Aamås
Display-case (for buoyancy)
Sculpture
82x42x180 cm
Materials: Gerdmans display case Ljusna (glas, metal, chipboard, plastic); stickers on a roll; plastic water imitation; found iron-hook #1; found iron-hook #2; double mirror with rubber nemesis; spliced nature fiber rope from Askøy; cork; plastic door stopper; concrete cast inflatable comfort cushion for travellers; neoprene-rug: “portal” (2018); found photography with frame: erotic depiction of Echo; brown snail (Arion vulgaris) inhibiting copper-tape.



Installation view, Flyt by Ragnhild Aamås. Kunstmuseet KUBE.














Ragnhild Aamås
Display-case (for buoyancy)
Detail





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (Norwegian cultural landscape / double trouble)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
Dimensions: 115x180 cm
Materials: 35mm colour film Olympus MJU-II digital scan with dust (Mork); Nikon D610 rope and seaweed (Mork); vector-graphics; vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; found emoticon burning folder; found photography “captured voice of Ariel” Disney [1989]; found photography “Norwegian luggage” (Decorah) 2018 NRK/Bigirmanna; found photography “Two statues of youths, armless” Metropolitan Museum (NY) [undated]; found photography youbionic “augmented human”, double robotic prostheses. + Neoprene-rug 36x25 cm “splash” and “spiritled” (both 2018), and metal transition strips (grey aluminium).





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (throwpillow)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
85x120 cm
Materials: Nikon D610 drift wood; vector-graphics; found emoticon water-drop; found emoticon fire; vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; found photography J.C.Dahl cloud study (Skystudie) [undated] from the catalogue “Naturens kraft” KODE Bergen; found photography “migration” Tidemand, draft from painting published in “Norge fremstillet i tegninger” [1848] Nasjonalmuseet; found photography “throw pillow” motif Birch in storm J.C.Dahl [1849] New York Metropolitan Museum; found photography from “the breeder system” video-still “The Fall of Communism as Seen in Gay Pornography” by William E. Jones. + Neoprene-rug 36x25 cm “Norwegian cultural landscape” (2018) and metal transition strips (grey aluminium).





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (seaskin)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
85x120 cm
Materials: found photography (unknown) snakeskin; found photography (unknown origins) pharmacists, captain sabertooth and snake; vector-graphics; found emoticon water-drop; found photography wood cut illustration snake; found photography plastic floating in sea (unknown); found photography face-care (wellness blog); vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]. + Neoprene-rug 36x25 cm “straightener” (inverted “oprensning af en grøft”, Werenskiold [1886]) (2018), and metal transition strips (grey aluminium).





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (pathends)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
85x120 cm
Materials: Blackberry 10 Q5 720px photography (Hardangervidda); iphone SE photography 3024x4032px (Oslo, Vulkan); vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; found photography J.C.Dahl “three studies of a vessel” [1820], digitalised sketch book Nasjonalmuseet; vector-graphics; found photography digitalized “Føderådsfolk”, Wentzel [1888] Nasjonalmuseet. + Neoprene-rug 36x25 cm “out” (found photography Seljestad station 1879, Hardanger, Lindahl) (2018), and metal transition strips (grey aluminium).





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (goodbye glove)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
115x180 cm
Materials: Blackberry 10 Q5 720px photography (lost cargo Ulriken); found emoticon water-drop; vector-graphics; vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; found photography dual monitor arm; found photography “Sheela na gig” architecture element (ca 1050—1400, Europe). + Neoprene-rugs 36x25 cm “why Nigardsbreen” and “rotting birch” (both 2018), and metal transition strips (grey aluminium).





Ragnhild Aamås
Velkomen skal du vera (going-to-went)
Digital collage, “HD-print” on commercial standard carpet
85x120 cm
Materials: 35mm colour film Olympus MJU-II digital scan with dust (Atlantic coast); iphone SE foto 3024x4032px (Epequen, Argentina); vector-graphics lifted from dust-cover of Mary Wollstonecraft “Letters…” [1796]; Nikon D610 shell-and-greens; Nikon D610 iron post water; found photography “the beginning of the migrants journey” A.B. Wilse [1906] Norsk Folkemuseum; found photography “boat utility”, Romsdalsmuseet [1951]; found photography upsidedown “brudeferden i hardanger” Gude & Tidemand [1848] Nasjonalmuseet. + Neoprene-rug 36x25 cm “utvandrere” (Gustav Wentzel, 1902, inverted) (2018), and metal transition strips (imitation wood, aluminium).







Ragnhild Aamås
Under / beneath
Sculpture
Materials: wooden v-list; screws; strips; transformer; wires; sensor; RGB-LED list; remote control; batteries; electricity; double sided tape.